Kvifor er K5 så viktig?

Folk og næringsliv ynskjer å koma seg kjapt og trygt fram.
Det er kva det heile dreier seg om.

Ny E16 og Vossabanen Arna-Stanghelle skal gi tryggare og raskare veg og jernbane.
Prosjektet går under tilnamnet K5 og er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR.
Med fullført prosjekt til Stanghelle og etterkvart Voss vil Bergensbanen bli ein langt meir effektiv,
miljøvenleg og trygg transportkorridor mellom dei to største byane våre, Oslo og Bergen.

Mykje å vinna

• Auka samfunnstryggleik
• Meir gods over på bane
• Fleire reisande med tog
framfor bil og fly
• God samfunnsøkonomisk investering
• Ny, lokal vekst gjennom
gode knutepunkt
• Eit kraftig bidrag for å kunne nå klimamåla våre

På karta og filmen under,
kan du orientera deg både geografisk og om sjølve prosjektet.

Arna-Voss

Når veg og bane allereie ikkje toler det klimaet vi har idag,
hastar det med å koma i gong.

Foto: Ingerid Jordal, avisa Hordaland

Klimaendringane kjem fort på oss.
Vi vil få hyppigare ekstreme naturhendingar i form av styrtregn, flaum, ras og skred,
som vil påverka kritisk infrastruktur, næringsliv, natur- og kulturmiljø.

I tillegg til å redusera utsleppa,
må vi ta grep og tilpassa samfunnet
slik at det vert robust i møte med klimaendringane.
Dette gjer nye utfordringar for planleggjinga.

Eit særleg viktig innsatsområde i Vestland er utvikling av eit sikkert og stabilt regionalt
og nasjonalt veg- og banenett.
Med gode løysingar for klimatilpassing
ligg det òg eit stort potensiale
for auka verdiskaping og næringsutvikling.

Det går knapt ein dag utan at vegar og jernbane vert stengt på grunn av ras, flaum eller skred. Folk er redde, forståeleg nok.
Gjennom åra har mange menneskeliv gått tapt på strekket mellom Bergen og Voss.
Og slik vil vi ikkje ha det.
Vi må sikra framkommelegheita
og tryggleiken for både person- og godstrafikk mellom aust og vest.
Dette angår alle og bør setjast som høgste prioritet i NTP.